Velg en side
  1. Hjem
  2. Nyhetene
  3. Fuglekassesnekring på Orre

Fuglekassesnekring på Orre

24. April 2018

Over 150 elevar på 3. og 4.steg ved jærskulane har vært på Friluftshuset Orre for  å lera seg om våtmark, fuglar og for å snekre seg sine eigne fuglekassar. 

 

På Friluftshuset Orre har me vært så heldige å få besøk av 7 kjekke klassar frå skulane i nærområdet. Her har me snakka om våtmark, stand- og trekkfuglar, og med stort engasjement og iver har dei vist kor mykje dei kan om fuglar og leveviset til fuglane. Me har sett nærare på svaneegg og meiseegg og på korleis livet er inne ein fuglekasse i hekketida. Ute har alle fått snekre og pynte sine eigne fuglekassar.

For småfuglane er det ikkje alltid like lett å finne seg naturlige hulrom å hekke i lengre, men dei kan no glede seg over mange nye og flotte fuglekassar rundtom i hagane i Klepp og Time kommune!

Me takkar Fylkesmannen i Rogaland og PVS- Pedagogisk VikarSentral for midler til fuglekassar og transport av elevane til og frå friluftshuset.

Forrige nyhet

Trekkfugldag på Kvassheim

19. March 2018

Trekkfuglane kjem attende med løfter om vår! Me var på plass i Kvassheimsbukta med teleskop og kikkertar for å ta ein nærmare kikk på dei.

Neste nyhet

Besøk Norges lengste sandstrand i sommer

23. May 2018

Visste du at Orrestranda er Norges lengste og også en av landets reneste?