Velg en side
  1. Hjem
  2. Nyhetene
  3. Folkefest på verdas våtmarksdag

Folkefest på verdas våtmarksdag

06. February 2018

Søndag 4.februar markerte me verdas våtmarksdag ved Mostun natursenter og Friluftsfyret Kvassheim. Det uforutsigbare vestlandværet glimta til og serverte oss skyfri himmel, og eit dryss minusgrader. I strålande vintersol var det svært mange som la turen til både Mostun og Kvassheim. Over 600 stykker besøkte oss på Mostun denne dagen, noko som er ny besøksrekord for markering av verdas våtmarksdag i Rogaland!

Våtmarkene vart feira som seg hør og bør, og på båe plassane vart det arrangert fuglebingo og lånt ut kikkertar for å kjenne att fuglane som lev i desse våtmarksområda. For å få varmen i seg vart det delt ut våtmarkssuppe på Kvassheim og varm saft på Mostun. Her kunne ein og grille seg pinnebrød ved bålpanna og fleire av gjestene hadde med seg pølser og marshmallows.

Mange meise- og stærfamiliar kan no gleda seg over nye bustader til årets hekkesesong då det vart snekra over 70 fuglekassar til saman denne dagen. Det lovar om mykje fugleliv ved hytter og i hagar når våren snart sett inn!

Neste arrangement vert eit storslått “NM i fuglekassesnekring” på Mostun natursenter søndag 4.mars. Det vert lagt opp mange ulike populære aktivitetar for store og små. Hald av dagen, dette vert ein trivelig søndag for heile familien!

Forrige nyhet

Me feirar verdas våtmarksdag

01. February 2018

Bli med oss å feire verdas våtmarksdag på Mostun natursenter og Friluftsfyret Kvassheim søndag 4. februar.

Neste nyhet

Kråkeskulen er ferdig for i år

01. March 2018

Kråkeekspert og ornitolog Øyvind Gjerde rundar av årets kråkeforedrag etter nesten 350 underviste elevar sidan januar.