Verdas våtmarksdag feriast over heile verda og er ein dag som brukast til å sette fokus på kor viktige våtmarkene våre er. I år var temaet klimaendringar.
Våtmarkene våre er viktige for klimaet på fleire måtar. Dei fungerar som ein svamp ved store mengder nedbør. Det er viktig å halde på våtmakrene for å unngå oversvømming. Våtmarkene er og viktige i å binde karbon som ein ikkje vil ha opp i atmosfæren. I tillegg kan sjøgras ta opp store mengder karbondioksid og nokre våtmarker kan fungere som ein barriere mot flaum. Jæren har nokre av dei viktigaste våtmarkene i landet, og fleire av våtmarkene våre har internasjonal vernestatus, det er noko vi synest er verdt å feira!