Arrangementsoversikt våren og sommaren 2020
Feiring av verdas våtmarksdag, vårfugltur, kunstutstilling og mykje meir! Sjekk ut det kjekke programmet vårt for denne våren/sommaren!
Søndag 19.januar Mosvandring
Mostun natursenter kl.12-14
Samarbeid med Stavanger Museum
Bli med på mosvandring og lær om mose. Du kan laga din eigen fantasimose og gje den eit namn!
Søndag 2.februar—Verdas våtmarksdag
Mostun natursenter kl.12-15
Me feirar verdas våtmarksdag med kjekke aktivitetar på tunet for både store og små!
Søndag 8.mars—Familiedag: Oppdrag fuglekasse
Mostun natursenter kl. 12-14
Samarbeid med Naturvernforbundet
Hjelp småfuglane med å finna seg ein plass å bu, ved å snikre fuglekassar på Mostun natursenter.
Søndag 22.mars—Trekkfugldag
Friluftsfyret Kvassheim kl. 12-14
Ver fuglekikar for ein dag på Kvassheim! Trekkfuglane er på veg og me skal observera dei. Aktiviteten er veravhengig.
Søndag 29.mars—Kunstutstilling
Friluftshuset Orre
Samarbeid med Jæren Friluftsråd
Kunstutstillinga Verken fugl eller fisk – i et hav av plast opnast. Kom å sjå fantastiske bilete laga med hjelp frå elevar i Klepp kommune. Klarer du å sjå kva bileta er laga av?
Søndag 19. april—Livet i fjæra
Friluftsfyret Kvassheim kl. 12-15
Kva slags liv kan ein finna i fjæra? Bli med å utforsk stort og smått fjæreliv gjennom forskjellige aktivitetar inne på Friluftsfyret Kvassheim.
Laurdag 9.mai—Vårfugltur
Mostun natursenter kl. 06-08
Kven er det som syng så vakkert? Bli med ein ornitolog på morgontur rundt Mosvatnet og lær dei ulike fuglesongane.
Søndag 23.august – Humledag
Friluftshuset Orre 12-15
Bli med på Humledag på Friluftshuset Orre og lær meir om dei viktige pollinatorane våre. Det vert kjekke humleaktivitetar for alle. Utsatt fra 22.juni til 23.august.
Følg Facebook-sida vår for meir informasjon om arrangementa.
Arrangementsoversikt høsten 2019
12. August 2019
Ringmerking, trekkfugldag og mye mer! Sjekk ut det kjekke programmet vårt for denne høsten!
Sigrid er ny naturrettleiar
24. January 2020
Sigrid Tveitnes gler seg til å starta som naturrettleiar hos Besøkssenter våtmark Jæren.
Følg oss på Facebook
Kontakt oss
Besøkssenter våtmark Jæren
Våre tre avdelinger: Kvassheim, Orre og Mostun.
Kontor- og postadresse: Mostun, Henrik Ibsens gate 59, 4021 Stavanger
Tlf.: +47 977 12 253
Epost: post@bvj.no