Velg en side
  1. Hjem
  2. Nyhetene
  3. Arrangementsoversikt hausten 2018

Arrangementsoversikt hausten 2018

20. June 2018

Trekkfugldag, ringmerking og juleverkstad. Velkommen til Besøkssenter våtmark Jæren hausten og vinteren 2018!

Søndag 26.august – Ringmerkingsdag
Revtangen ornitologiske stasjon kl. 9-15
Ta med familien til Revtangen for å oppleve fuglane våre på nært hold! Det vert fugleverkstad og sal av fuglerelaterte produkt, saft, kaffe, te og vafler. Hugs kontanter. Værforbehold.

Søndag 2. september – Barnas våtmarksdag
Mostun natursenter kl. 12-15
På barnas våtmarksdag sett me myra i fokus med mange kjekke aktiviteter for store og små. Me har aktivitetsløype, snekrer fuglekassar og det vert bålkos med pinnebrød og varm saft. Kafeen på Mostun natursenter er også åpen.

Søndag 30. september – Trekkfugldag
Friluftsfyret Kvassheim kl. 12-15
Kvassheim er ein av trekkfuglane sine viktigaste rasteplasser. På denne tida er det mange spanande artar som lader opp til vidare trekk i Kvassheimsbukta. Me låner ut kikkert og teleskop. Værforbehold. 

Søndag 28.oktober – Marin forsøpling – tøynettverkstad
Mostun natursenter kl. 12-15
Søndag 4.november 
Friluftshuset Orre kl. 12-15
Me sett fokus på forsøplinga i havet og dekorerer tøynett me kan nytte istaden for plastposar når me handlar. Det vert utstilling om temaet og kaféen held sjølvsagt også ope.

Søndag 2.desember – Juleverkstad
Friluftshuset Orre kl. 12-15
Me sett i gang julestemningen med juleverkstad på fyrste søndag i advent. Her kan ein lage julepynt og julekort medan ein drikk gløgg og spis pepperkaker.

Laurdag 8.desember – Morgonkråketur
Mostun natursenter kl 8.30
Møt opp ved Mostun natursenter og opplev utflyginga til over 10.000 kråkefuglar som samlast her om natta. Ornitolog Øyvind Gjerde er har studert kråketrekket i fleire tiår og guidar oss langs Mosvatnet for å oppleve fenomenet.

Følg Facebook-sida vår for meir informasjon om arrangementa.  

Forrige nyhet

Humlesus på Orre

18. June 2018

I Noreg er me så heldige å ha heile 35 ulike humleartar. Søndag var humleekspert Maria Fotland Løvik på Friluftshuset Orre for å lære oss meir om dei.

Neste nyhet

Vel gjennomført sommerskole på Friluftshuset Orre

02. July 2018

Elever fra Sandnes og Johannes læringssenter har vært på sommerskole på Friluftshuset Orre for å lære mer om de unike våtmarksområdene våre - og selvfølgelig for å kose seg ved en av norges vakreste sandstrender.